Seniorar PÅ Engjabøfjellet

Foto: Sigrid

Elleve turgåarar var med på Engjabøfjellet (også kalla Fureåsen) onsdag 8. juni. Vi brukte ein time i fin sol opp svingane på grusvegen, til vi kunne skrive oss inn i boka og deretter gå litt vidare utover og nyte den flotte utsikta både ut fjorden og til sørsida og Heilefjellet. Nordavinden var kald, men vi fann oss ein lunare plass der vi hadde lang matpause. Takk for turen til alle som var med, og særleg til Edith, som hadde mykje å fortelje oss. Dette var den siste onsdagsturen som er sett opp på programmet, men det kjem dagsturar seinare, så fylg med!

Skrevet av Asle Veien 9. juni 2016