Vandring langs veglause grender

Frå Alrek.
Frå Alrek. Foto: Alf Vidar Snæland

Korleis opplevest det å vandre i eit prospektkort? Søndag fekk 39 turgåarar oppleve det langs veglause grender i Sogn.

Her kan du sjå, og høyre, fotograf Alf Vidar Snæland si oppleving av søndagens tur mellom Ortnevik og Sylvarnes

Perfekt! Meir er det ikkje å seie om veret. Forventningsfulle la følgjet frå Indre Sunnfjord Turlag og Balestrand og Høyanger Turlag i veg frå Ortnevik innover langs Sognefjorden i det veglause området som ber fellesnamnet Strendene. I kupert terreng på gamle stiar i frodige lier var det ikkje langt mellom spor etter farne tider. Dei to første gardane, Kroksnes og Nybø, er begge for lengst fråflytte og ber preg av det. Det er lenge sidan ljåen smakte på graset her. Men framleis er slåttemarkene ikje attgrodde, og det er ikkje vanskeleg å sjå for seg korleis det kunne vere her medan det var eit meir yrande folkeliv på gardane.

Sjå Jan Roar Sekkelsten sine bilete

Etter eit par timars gange nådde vi Alrek, kring 120 meter over havet. Med storslått utsikt innover Sognefjorden var dette ein naturleg rasteplass. Og til vår store overrasking vart vi møtte av ein særleg gjestfri og sprek kar som kalla seg Ragnar Alrek (73). Dagen før hadde han og naboen lagt ut to trapper og kjetting i dei mest utsette partia på stien - noko vi fekk glede av. På sparket tok han oppmodinga om fortelje korleis det var å leve på dei tre gardsbruka på dette høgdedraget over Sognefjorden. Medan vi sat og åt nista i vindstilla og solskinnet, kunne han fortelje om dagar der vinden var så sterk at det knappast var råd å stå oppreist på tunet. Det gjorde og inntrykk å høyre han fortelje om skulevegen til Ortnevik i dei ulendte liene. Etter ein god porsjon lokalhistorie drog den pensjonerte musikklæraren fram trekkspelet og sende oss avgarde til Vetlesand med fengjande tonar.

På Vetlesand vart vi møtte av den pensjonerte læraren Per Kleppe som no driv som frukt- og bærbonde halvveges mellom Ortnevik og Sylvarnes.  Vetlesand er ein velstelt gard med både båtstopp og traktor på tunet.

I samla flokk bar det vidare innover fjorden i eit frodig kulturlandskap som veksla mellom velstelte oasar og forfall. Høgaste punktet på turen var dei to gardane på Hanekam, kring 150 meter over havet. Upåklageleg utsikt her og, før det bar nedover til den vesle og velstelte grenda Sylvarnes. Her driv Vik Turlag ei ubetjent turisthytte i det gamle skulehuset. Men vi sette kursen ned på kaien der siste rest av nisten vart fortært. Dei mest avanserte drog sågar fram koke-apparata sine.

Etter 12 kilometer, totalt 700 høgdemeter stigning og seks timar på vandring (inkludert pausar) valde dei fleste å setje punktum med å ta rutebåten Tansøy tilbake til Ortnevik via Vik. Og i tilfelle nokon lurer: båten brukte ti minuttar på same turen som vi brukte seks timar. Men ingen om bord var i tvil om kva som var den beste opplevinga.