Seniorar på Svistølen i Naustdal

Foto: Sigrid Gjelsvik
Ti seniorar hadde ein fin tur på Svistølen i Naustdal 1. juni. Regnet som var meldt akkurat mellom klokka ti og to, vart det ikkje så mykje av før vi var komne i bilane igjen. Turen gjekk i fint terreng med mykje bjørkelauv og fuglesong. Svistølen har truleg ikkje vore nokon støl, og vi lurte på om staden høyrer til Førde eller Naustdal. Ifylgje Naustdal bygdebok var Svistølen plass under bnr. 2 på Helgås, altså Naustdal (så lenge det varer). 

Skrevet av Asle Veien 2. juni 2016