Onsdagstur til Skålefjellet

Foto: Lydia Nesje
13 turgåarar møtte opp i Stavang til onsdagstur til Skålefjellet.Turleiar Torill Erdal losa oss oppover i flott furuskog, trolsk med skodde rundt oss. På toppen kom vi etter ca 2 timar rolig gange, småkupert og lettgått terreng over skoggrensa.Vindstille og sol då vi rasta ved den flotte varden. Fin utsikt t Blegja og Håsteinen,  men skodde sette stoppar for utsikta vest i havet. Nedturen starta i tjukk skodde så turleiaren fekk ei god utfordring med å finne rett sti, det løyse ho perfekt, litt spenning skal det være var vi samde om.                  ref L. Nesje        

Skrevet av Asle Veien 1. juni 2016