OPPTUR – Opp ein sti og ned ei trapp

Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Måndag 30.mai vart det arrangert Opptur for 8.klassingane ved Askvoll og Gjelsvik skule. Bussen sette oss av ved Vassverket i Holmedal. Turmålet var Dokka, med den nyrestaurerte Smilderstien på Ringstad som det store trekkplasteret. Etter litt felles informasjon og utdeling av Olden vatn og buffar la vi i veg.

Sola skein og temperaturen var behageleg. Praten mellom elevane gjekk lett. Det er ein stor motbakke opp mot Nyksvatnet, så dette er nok den tyngste etappen. Vi tok oss ein liten pause før vi tok til på Indianarsletta. Det smakte godt med sjokolade, skive og litt drikke.

På toppen vart det felles fotografering og ein lang og velfortjent pause på 45 minuttar. Som turleiar var det kjekt å høyre; -jammen var det verdt slitet når ein får så vakker utsikt. Frå toppen av Dokka ser ein over til fleire av nabokommunane.

Etter pausen gjekk vi i samla tropp ned mot Ringstad. Det var ingen av elevane som hadde gått denne ruta før, så dei syntest det var kjekt å få prøve ein ny sti. Når vi kom ned til Smilderstien som sherpaane frå Nepal hadde ferdigstillt dagen før vart dei imponerte over arbeidet som var blitt gjort. Den opprinnelege trappestien vart laga første gong i mellomalderen.

Opptur er ei fellesarrangemang mellom DNT, Indre Sunnford Turlag, Sogn og Fjordane Turlag og skulane. Takk til alle dei spreke og kjekke elevane og lærarane som var med på å gjere dette til ein minnerik dag!

Vigdis Flaten Kvamme

Skrevet av Asle Veien 1. juni 2016