Dugnad på Nipebu

Foto: KJell Kleiven

Fredag 27 og lødag 28.05 var det dugnad på Nipebu.

13- 14 personar var på ein eller anna måte involvert i arbeidet, alt frå planlegging til innkjøp , og transport til opplastingsplassen på Øvre Laukeland.

Helikopter frå Airlift leverte varene ved Nipebu som avtalt, ca kl 19.00 fredag kveld.

Ved, gass, proviant og mykje anna vart landa like ved uthuset, og arbeidet med å få det på plass gjekk so da susa.

Til stor glede for tilsyn og andre gjestar på hytta er det no montert ny gasskomfyr, 4 bluss og bakaromn.

Batteria til solsellepanelet hadde gjort nytta si, so desse var også erstatta med nye.

Inne i hytta fekk hybelkaninene det travelt når Kjersti kom susande med ny støvsugar,   det vart også vaska og rydda, skifta sengle på ein del av sengane, vi gjekk også gjennom proviantlageret og plukka ut noke av det som var utgått på dato.

Utvendig gjekk det også føre seg, vannslangen vart lagt ut, og utedusjen kom på plass.

Magne gjekk laus med beiskosten, og etter at han fekk helga på seg er alle bygningane so godt som ferdig beisa, det var også meininga å olje plattningen, men ei og anna regnbyge sette stoppar for dette, men kjenner eg Magne rett blir det nok gjort i sommar.

Takk til alle som deltok.

Helsing

Kjell Kleiven.

Skrevet av Asle Veien 1. juni 2016