Seniorar på Solsida

Foto: Sigrid Gjelsvik

Fem turgåarar var med på Solsidevegen i Naustdal onsdag 18. mai. Vi gjekk frå Øvre-Hove og til høgste punkt på vegen, som skal vere 258 moh. Det var meldt regn, men det vart heldigvis ikkje noko særleg av det. Vi møtte fleire andre på tur, og ei av dei hadde dessverre venta forgjeves på oss i "feil" ende av vegen, i Naustdalslia. Vi hadde matpause med god utsikt over Naustdal sentrum, og hadde ein fin tur på om lag to og ein halv time. Takk til dei som var med! 

Foto: Sigrid Gjelsvik

Skrevet av Asle Veien 22. mai 2016