Friluftsdag på Svidasløyra 22. mai

Foto: Jill Berit Årdal

Søndag 22. mai klokka 11-14 arrangerte barnas turlag Jølster friluftsdag på Svidalsøyra i samarbeid

med Sunnfjord kajakklubb, orienteringsgruppa i Førde IL, Jølster jeger- og fiskeforening, 

Jølster Helselag og Eikås 4H. Kano- og kajakkpadling, fiske, natursti, turbingo, var nokre av aktivitetane.

Mange hadde med fiskestenger og prøvde fiskelukka på eigahand eller under rettleiing av Jeger- og

fiskelaget. Fisk fekk ingen, men nokon meinte å ha sett den hoppe ute på vatnet slik at den kunne bli

kryssa av på turbingoen som barnas turlag hadde laga.

Veiret var ikkje det beste i byrjinga, trass i at det vart betre enn meldingane. Det vart gradvis betre og

siste timen regna det ikkje i det heile. Folk var godt kledde, og det var ikkje kaldt så det la ikkje noko

dempar på stemninga når ein fyrst var kommen seg ut. Kor mykje folk som kom og var med heile

eller deler av dagen er vanskeleg å vite, men vi trur at det var godt over 100 personar. Barnas turlag

hadde handla inn 150 tortillalefser slik at dei som ynskte kunne lage ein enkel pizzavariant og grille i

folie på bål. Alle lefsene vart oppspist, så det kan vi trygt anbafale andre å prøve heime.

4H hadde ein spesialsykkel der ein kunne lage sin eigen smoothie ved å trø raskt, ganske kult, men

ikkje så lett å få til heime.

Instruktørane frå kajakklubben fylgde nye padlarar tett på vatnet. Det var flott å sjå kor fart dei fekk

på kajakkane etter kort tid. Utpå dag såg vi og fleire padlarar som prøvde kreftene oppover elva, tøft

å sjå dei padle alt dei greidde og likevel så heilt i ro i elva.

Mange fekk smaken på orientering, der ein stempla brikka si på kvar post og vart registrert med tid.

Motiverande å kunne samanlikne tider. Løypa hadde 5 postar, som var merka med orange markørar

slik at ein greidde finne dei utan å bruke kartet som var laga til. Kult å springe med kart i handa

likevel.

Helselaget hadde natursti, og så utfordra dei oss der vi skulle prøve gjette kor mange sukkerbitar det

var i ulike flasker med vanleg drikke. Ein tankevekkar å sjå alt sukkeret i flasker vi gjerne kjøper når vi

er litt tyrste.

Takk for ein kjekk dag til alle som kom og var med oss på friluftsdagen!

FRILUFTSDAG PÅ SVIDASLØYRA 22. MAI

Skrevet av Asle Veien 22. mai 2016