Onsdagstur til Gjøringbøfjellet 11. mai.

Foto: Lydia Nesje

Endeleg er det vår og alle som likar onsdagsturar med turlaget vårt har funne fram fjellsko og er klare for ny sesong, 23 personar reiste frå Førde i praktfullt sommarver utover til Helle og oppover i Vatnelia, på tunet der sto Viggo Leikanger og tok vel imot oss. For dei fleste av oss var dette nytt terreng og det er alltid kjekt.

Utifrå tunet vandra vi 27 stk store og små, dei to yngste i fam Leikanger leda an på lette føter oppover skogsvegen, vi passerte stølen og gjekk vidare oppover på sti i lett og fint skogsterreng, over skoggrensa opna landskapet seg med flott utsikt over fjorden til Heilefjellet, og frå toppen av Gjøringbøfjellet vestover med utsikt til bl.anna Håsteinen, og vi såg ned til Redalen. Dette var ein tur der alle mest av alt kosa seg med utruleg flott utsikt og praten gjekk lett ilag med likesinna turfolk, Leikanger var ein glimrande forteljar undervegs med stor lokalkunnskap om området, vi seier tusen takk til han for triveleg tur.



ref L. Nesje
11.05.13 Onsdagstur Gjøringebøfjellet

Skrevet av Asle Veien 12. mai 2016