Gravdalstinden – nesten, og Veslefjelltinden

Laurdag 7. mai stod i lovande lys då eit tjuetal glei ut frå Sognefjellshytta med kurs for skinande brear og tindar.  Dei låg med nysnø på, men den brå vårvarmen hadde fått sin vilje, og skiføret blotna etter kvart.  

Gravdalstinden, det utlyste målet, er normalt ikkje vanskeleg å ha med å gjere.  Men over eit lite heng låg ein skavl, og det hadde hopa seg opp mykje laus snø i det bratte.  Han kunne ikkje på tru og ære love å ligge i ro.  To speidarar ville sjå nærare på dette upålitelege – og snudde i tide.  Vi andre stod på den sørlegaste av Søre Smørstabbtindane og såg helikopter og folk undersøkje eit ras mellom Kalven og Skeie.

            På tilbaketuren over Smørstabbreen hadde det laga seg til med blindeføre, men under middagen på Turtagrø var det ingen som snakka om slikt. 

            Sundag vart vi med Luster turlag og Sogndal turlag frå Krossbu.  Ei stund var det uvisst kvar ferda kunne gå.  Rasfaren hadde visst teke seg til rette over nesten alt som er så bratt at ein vestlending vil kalle det skråning.  Det vart Veslefjelltinden (2157 moh.), ein verdig topp på ein dag då nesten alle skyene hadde fri.  I sør stod Smørstabbtindane steile med drivkvit overside og svarte stup i blå dis.  Denne dagen gjekk det store raset på Fannaråken.

Turleiarar laurdag:  Terje Jan Nes og Erik Solheim (referent)

Skrevet av Asle Veien 11. mai 2016