Onsdagstur til Hornnesstølen

Foto: Terje Jan Nes

Den tradisjonsrike onsdagturen starta som vanleg med tur via Hornnesstølen til Klumpen.

Fjellskoa var pussa opp og ski sett på vent nokre dagar.

Eit knippe med entusiastar 6 i talet, drog lystig i veg og gjekk ei litt ny rute frå Gapahuken.

På vårsleipe steinar nådde vi toppen utan uhell, sjølv om vi hadde nokre knall og fall.

Den som hadde flest fall, hadde etter eige utsagn brote det meste av ribbein tidlegare, så dette

var berre peanuts. Litt snø på toppen enno, men no er fottur-sesongen i gang.

Møt opp neste onsdag, for då står Gjøringebøfjellet for tur.

Foto: Terje Jan Nes

Skrevet av Asle Veien 5. mai 2016