Skitur til Gråhø.29.04-01.05

Foto: KJell Kleiven

Denne helga tok vi turen til Gråhø, 2014 moh. Dette er ein av dei minst tilgjengelege 2-tusenmetertoppane i Norge, ikkje fordi den er vanskeleg å bestige, tvert imot egentleg, det er rellativt enkel å ta seg til toppen, om ein vil gå ein lang skitur.

Vi var 12 stk som reiste frå Førde fredag etter arbeid, vi køyrde til Skjåk Sæter, der vi overnatta frå fredag til søndag.

Hytter var bestilt på førehand, og ved ankomst  var det fyrt i ovnen på alle 3 hyttene, her var det ikkje vanskeleg å finne seg til rette.

Lørdag morgon køyrde vi til Billingen, der skituren starta, ca halv 9 var skia komt på, og vi sette kursen oppover og inn i Skarvedalen.

Det var meldt ein del vind denne dagen, ellers var det lettskya opphaldsveir, og ein del minusgrader.

Utover dagen øka det på med vind, det var ikkje dagen for dei lange pausane, her måtte ein vere i bevegelse om ein skulle holde varmen.

Det var ei stund litt usikkert om vi ville nå toppen, men pågangsmotet var som ofte før upåklageleg, og det skulle vise seg å gje resultat.

Når det såg som verst ut stilna vinden til eit akseptabelt nivå, og vi nerma oss den siste oppstigninga.

Ca 7 og ein halv time etter at vi starta sto vi på toppen, men ingen av oss såg noke særleg lenger en til skituppane. Dei siste 2-hundre høgdemeterane låg skodda tjukk som graut, og i tillegg hadde vinden tatt seg opp igjen, og om ikkje det var nok vart vi velsigna med litt snø.

Vi var alle einige i at namnet Gråhø passar godt på dette fjellet.

Etter nesten 12 timar,  1700 høgdemeter og 37 km  var vi tilbake der vi starta.

Ellers kan eg nevne at lørdagskvelden også vart ein fin opplevelse, hyttekos er vel det rette namnet tenker eg!!

Turleiaren takkar alle for ei triveleg helg på tur.

Ref. Kjell Kleiven.

Foto: KJell Kleiven

Skrevet av Asle Veien 2. mai 2016