Barnas Turlag Jølster hadde tur til Paulsvatnet 17.april

Foto: Hanne Halland Eide

Paulsvatnet ligg på veg til Førde i Jølster, og her er det fint å trille vogn eller rusle tur for små bein. 33 barn og 24 vaksne var med på turen rundt vatnet. Det yngste turbobarnet var berre 6 veker gamalt.

Turboreven hadde laga turbingo til oss, og ungane leita høgt og lågt for å kunne krysse av på arket. Vi leita etter blant anna båt, fisk, meitemakk og snøklokker. Noko var lett å finne, andre ting litt vanskelegare.

I Paulen fann vi også nokre tøffe tre som vi både kunne klatre i og gå inni! Det kunne vere både turbobarn og turbovaksne inni treet på same tid. 

Turboreven takkar for turen!

Skrevet av Asle Veien 17. april 2016