ONSDAGSTURANE STARTAR 4. mai

No nærmar det seg fjellskosesongen og vi startar oppatt med onsdagsturane onsdag 4. mai. Som tidlegare år vert det oppmøte kl 18.00 ved Esso-stasjonen i Førde for samordna transport, til hausten kan det verte nokre turar som startar kl 17.-17.30. Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølv om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evnt meir ved lang transport. Alle bør også være sjåfør innimellom, slik at ikkje dei samme må køyre kvar gang. Oversikta viser kva turar vi har planlagt, men det kan verte endringar så vi oppfordrar dykk til å følgje med på nettsida vår.



Velkomne på tur, vi gleder oss til ny sesong med onsdagsturar!!  

Skrevet av Asle Veien 17. april 2016