Ungtur på Nonsnipa

Foto: Håvard Sandal Høyvik
Laurdag 16. mars arrangerte IST ung og Barnas Turlag topptur til Nonsnipa, for dei eldste i BT. Åtte spreke barn og unge, pluss sju vaksne, møtte opp til det som skulle vise seg å verte ein fantastisk tur, i strålande vêr. Humøret var topp heile vegen opp, og matpause i solsteiken var ikkje feil.
Dagen før hadde Nonsnipa fått eit påfyll av laussnø, noko som kom godt med på nedturen. Stemninga var god, då vi var kome ned, og vi kunne sjå opp på dei flotte skispora våre. Fjellsida, som var dekorert av skispor og som glitra i sollyset, samanfatta turen på ein strålande måte.
Nonsnipa 16. april 16

Skrevet av Asle Veien 17. april 2016