For ein helg - Skåla 10.april

IST Ung inviterte i april til eit av vårens vakraste eventyr- topptur til Skåla og distriktslegen Kloumanns store visjon – Skålatårnet.

På denne turen ynskja IST Ung å prøve noko nytt, og vi bestemte oss for å invitere dei litt eldre med oss på tur.  Vi var spente på om denne fellesturen ville bli eit vellykka prosjekt der vi ville klare å famne ung som gamal.

Værmeldigane fram mot avreise var supre, og kl 7.30  møtte rundt 30 turgira menneske opp på Esso Førde, klare for å bestige 1843 høgdemeter- direkte frå fjord til fjells.

Og for ein dag det blei! Sola skein frå skyfri himmel i det DNT toget jobba seg oppover. Dei fyrste 650 høgdemeterane måtte forserast til fots med skia på sekken. Det var ein del lett forskrekka turgåarar som lurte på kven denne store gjengen på tur var. Då svaret var “IST Ung på tur”, blei det litt latter i rekkene, og som det rett blei påpeika- “ein er trass alt ikkje eldre enn ein kjenner seg”.

Det var som det ofte er, litt sterkare oppmøte blant dei som er 35 +, men det var 8 unge, spreke sjeler som møtte og utgjorde tetgruppa til topps.

I det vi fekk skia på beina litt under Tjugensætra var det mange som fekk ein litt spennande start på turen då vi måtte traversere opp ei ganske bratt side der sola enno ikkje hadde fått tak på snøen. Traversering på skare kan utfordre dei fleste om det blir bratt nok, men etter litt klabb, babb og skliing kom vi alle over kneika i ein bit.

Då vi kom over kanten hadde sola byrja feste grepet i snøen og vi vandra videre i bedageleg tempo på god snø mot Skålavatnet og videre opp mot mål. Bakkane oppover kan bli vel seige for den sprekaste, men det er som vi veit i motbakke det går oppover, og jo lenger opp, dess artigare blir det ned!

Då Kloumanntårnet plutseleg kom til syne over kanten var det nok ei og anna sjel som pusta letta ut og syns låra hadde gjort jobben for dagen.

På toppen blei det ein velfortent pustepause i solveggen med tilnærma uendeleg utsikt mot fjord og fjellheim. Vestlandsdronniga (Lodalskåpa) lokka i bakgrunnen, med veslebror Brenibba rett bak. Rett i mot stod Kjenndalskruna og litt bortanfor Høgste Breakul.  

Nedfarten blei nok eit høgdepunkt for mange. Sola hadde gjort jobben og 1200 høgdemeter i lett slush venta oss. Episk!

Vel nede ved Lovatnet var det ein fornøgd gjeng med møre lår og solbrilleskille som drog kvar til sitt- IST Ung takkar for turen!

Skåla 10.4.16

Skrevet av Asle Veien 11. april 2016