LÆR TRYGG KLATRING UTE 4. og 5. juni

Det kriblar litt i magen sjølv om ein er dobbelt sikra.
Det kriblar litt i magen sjølv om ein er dobbelt sikra.

Forfall gjorde at det vart tre plassar ledige på klatrekurset no til helga.

Klatring er den raskast veksande sporten i Norge og klatreveggane poppar opp rundt i fylket.

Ein sport der unge og eldre, foreldre og barn, kan vere saman om ein spennande og ikkje minst, sunn aktivitet - fysisk som psykisk.

På to dagar lærer du det du treng for å kunne klatre trygt på bolta ruter ute ( sportsklatring ).

Vi går grundig gjennom utstyr og korleis ein på ein sikker måte,brukar det.

Det er ingen krav til forkunnskap. På tidlegare kurs har det vore deltakarar får 13 - 70 år.  Ein må vere i normal fysisk form og ute etter litt spenning. Du lærer å rappellere på eiga hand og å sikre andre som klatrar i tillegg til å klatre sjølv.

Utstyret, som trengs for å fullføre kurset, får du lånt av oss.
Kurset vert halde på eit av dei finaste klatrefelta for opplæring i Norge - på Sagefloten ved Breimsvatnet i Gloppen. Og i slikt ver kan ein ikkje finare ha det.

Om du vil, kan du avslutte kurset med å ta Brattkort ( ledkort ). Dette kortet må ein ha om ein vil klatre i innandørsveggane i Norge. Pensum på eit sportklatrekurs innheld likevel meir enn eit vanleg innandørs Brattkortkurs. 

Meld deg på eller ring for meir informasjon, til Asle Veien ( 97055203 ), asle.veien@gmail.com

Klatrekurs annonse

Kursavgift: 

1600 for vaksne Ikkje medlem av DNT

1200 for vaksne Medlem av DNT 

1200 for ungdom under 18 år. Ikkje meldem av DNT 

1000 for ungdom under 18 år. Medlem av DNT

Arrangør er Sogn og Fjordane Turlag

Klatrekurs annonse

Skrevet av Asle Veien 1. juni 2016