Grovabreen på sitt finaste

Mange..., men ikkje alle fann tid og stad for fellesbilde
Mange..., men ikkje alle fann tid og stad for fellesbilde Foto: Asle Veien

Først av alt: Beklagar til alle dei som ikkje fekk med seg at turen var flytta ein dag fram. 

Men, dei som fekk med seg meldingane på Facebook og www.isturlag.no, fekk ein tur som kan skrivast inn i historia som ein skikkeleg stastur.

Sidan vêrmeldinga peika ut onsdagen som den einast dagen i påska, tok turleiarane avgjera om å flytte turen. Som ein kan sjå av bilda var nok det eit bra val. 31 personar og ein hund starta på motbakkane etter at sendar/mottakar var sjekka. Vindstille og sol fekk klærne av dei yngste. Pausene var forholdsvis lange og praten gjekk lett. 

Dei som sleit seg opp med tungt utstyr hadde det nok mest morro på veg ned igjen. Det var perfekt føre for brei ski som flaut oppå snøen. Litt vanskelegare var det nok for dei som stod på vanlege fjellski.

Spesielt kjekt var det at det var mange unge spreke og flinke alpinistar med på turen. Takk for turen til ein triveleg gjeng.

PS. Ved opptelling viste det seg at det mangla skaft på ein spade. Kan leverast til meg ( Asle Veien ) eller leverast inn på turlagskontoret.

Grovabreen 23.3-16 Foto Asle Veien
Grovabreen 23.03-16
Grovabreen 23.3-16 Foto Asle Veien
Grovabreen 23.3-16 Foto Asle Veien

Skrevet av Asle Veien 23. mars 2016