Over 30 gjekk Årdal-Nes

Då var den tradisjonsrike skituren Årdal -Nes unnagjort for i år. 33 personar var med frå starten.

Det kom til nokre i Kupa og to kom frå Nes og møtte oss på Longevasshytta. Veret på årets tur var nok litt dårlegare enn turleiaren håpa på.

Vi starta på Erikstad med opphald og eit høgt skydekke. Årdølene hadde køyrt løype med si nye løypemaskin inn til Legestølen. Så var det klart for turens oppoverbakke. Greit skiføre oppover mot og over Stegsvatnet. Frå Kupa og inn til Longevasshytta var det blindeføre og det byrja å snø.

Vi tok ly inne i hytta alle 38. Etter kvila gjorde vi oss klare for turen framover Longevatna i snødrev. Det var no kome to karar frå Nes inn til hytta, så vi kunne følge spora deira framover, noko som gjorde turen litt greiare. Vi slapp å gå og sjå ned i GPS-en heile tida. Ved enden av Langevatna letta etterkvart snøbygene litt. Det vart, som vanleg, litt strekk i turfølgjet nedover til Vonavatnet.

Naustdal Røde Kors hadde som vanleg laga skispor innover mot Langevatnet, så det var lett og fint å gå. Enkelte fekk nok litt glatte ski etterkvart, men då vi fekk saft og oppmuntring av hyggeleg vertskap ved Røde Kors-hytta vart det fort gløymt. 40 personar og to hundar kom fram til Nes litt over klokka 17 etter å ha tilbakelagt knappe tre mil på ski.

Tekst: Kjell Arne Hjellbrekke, turleiar