Snøen utfordra trugene

Foto: Atle Holsen

Kva gjer du når nysnøen er så djup at du går til knes i snø - på truger? Svaret får du her!

Dette var nemleg utfordringa då vi inviterte til trugetur til Blomfjellet laurdag 27. februar.  Siste veka har det kome mykje snø i høgda, og då turleiaren sjekka forholda ved Byrkjeflot dagen før turen, var konklusjonen grei: å brøyte snø til knes i fem kilometer på truger har lite å gjere med hyggje. I tillegg var ikkje vermeldingane av det beste slaget. Så kva gjorde vi då?



Jau, etter litt kreativ rådslagning turleiarane imellom fredag kveld vart konklusjonen ein kortare tur ein del færre høgdemeter over havet. Åtte personar møtte opp då vi samlast ved Esso laurdag føremiddag, og sette kursen for Reset med eit håp om kanskje å kunne nå Kalsetdalen eller Halbrendsstølen utan å slite oss ut i djup nysnø.

Overraskinga var stor då oppdaga til våre stor glede at det er einkvan som har si faste rute på truger/ski - og føter - i same området. Istadenfor å stampe i djupsnøen fekk vi servert den flottaste trakka rås på skogsvegen heilt opp til Kalsetvatnet. Ein time brukte vi opp dit, og det er ikkje verst på truger. Men med litt snøilingar i lufta valde vi å gå nedatt via Halbrendsstølen.

På rundturen nedatt fekk vi også prøve oss i nesten jomfrueleg snø. Berre restane av eit nesten attsnøa skispor synte oss vegen direkte til stølsvollen, der vi tok ein rast i le av eit at av dei flotte og nyoppussa stølshusa. Her fekk vi til og med litt sollys i andletet, medan vi kunne nyte utsikta over det som mest minna om eit vakkert julekortmotiv.

Vel nede att i bilane synte GPS-en til Atle at vi hadde gått seks kilometer med ein snittfart på 2,9 km/t. Slett ikkje verst for å vere på truger. Å gå i spora av andre fjellvandrarar har sine fordeler.

Helsing turleiarane Atle Holsen og Roy Raasholm Fauske