Topptur på truger

Foto: Atle Holsen

Gradestokken synte minus ti grader. Likevel let 20 fjellvandrarar på truger seg lokke til fjells på søndag. Jakta på sola og den flotte utsikta frå Fauskevarden (853 m.o.h.) freista meir enn kuldegradene skremde.

Å gå på truger vert stadig meir populært. Truger er eit flott alternativ til ski, uansett ver og føre. Moderne truger veg lite og er svært lett "fottøy" å bruke for alle aldersgrupper. I turfølgjet som la ut frå Nordheiatunnelen og opp dei bratte bakkane mot Fauskevarden var det både erfarne og ferske trugegåarar. For fleire av deltakarane hadde det nok ikkje blitt nokon topptur på Fauskevarden om det ikkje hadde vore for trugene, då skiføret var av det skarpare slaget.

I roleg tempo gjekk turen  oppover lia. Opp bakkane var det skugge, og kan hende det var fleire som tenkte at vi heller skulle gått på solsida, på motsett side av vegen, til Nordheia. Men i det vi nådde i solstrålane oppunder toppen og heile det sunnfjordske fjellandskapet  openberra seg, bada i sol frå blå himmel i vindstilla, ja då var det ingen tvil om at vi var på rette toppen denne søndag føremiddagen.

Helsing turleiarane Jan Roar Sekkelsten og Roy Raasholm Fauske

14.02.2016 Trugetur på Fauskevarden

Skrevet av Asle Veien 15. februar 2016