BT ASKVOLL PÅ GLATTISEN

Foto: Vigdis Flaten Kvamme

132 små og store møtte opp på Hellesetvatnet for å vise fram skeiseferdigheitene sine søndag 17.januar. Nokre av ungane hadde nytta isen ei god stund, og det viste. Fleire av dei var flinkare enn foreldra til å gå runder på isen.
Sidan det hadde kome nokre centimeter med snø i løpet av natta, hadde fleire teke med seg ski. Det var ”enkelt” å øve opp skiteknikken på flate vatnet. Elles så var det mange ungar som brukte akebrettet i bakkane.

Rundt båla er det alltid god aktivietet, det er ofte den store opphaldsplassen for fedrene.

Vigdis F. Kvamme

Fleire bilde

Skrevet av Asle Veien 17. januar 2016