Ikkje grøn lue for henne takk

IST-leiar Ragna Renna og Iselinn Warpe
IST-leiar Ragna Renna og Iselinn Warpe Foto: Asle Veien

Vi møtte den livlege jenta frå Bergen, ein kveld i november for å gratulere henne og oss sjølve med at ho er Indre Sunnfjord Turlag sitt medlem nummer 1500. Det er ny rekord for IST. Sjølvsagt hadde vi med ei lita gåve som kunne varme den fjellglade jenta ein kald vinterdag.

Iselinn Warpe er 26 år og er for tida turnuslege i Naustdal. Det var på ein fjelltur i haust at ho gjorde alvor av å melde seg inn i turlaget. Billeg overnatting på hyttene, medlemsbladet Fjell og Vidde, DNT-felleskapet og sist, men ikkje minst... det kjennest rett å støtte det arbeidet som vert lagt ned i DNT for å få folk ut på tur.

Ho og kjæresten som er lege på barneavdeling, har bestemt seg for å slå seg ned i Førde. Her kan dei begge til fulle dyrke sine allsidige fritidsinteresser. Her har vi det meste. Fjell som er bratte nok for ein frisk topptur på ski.  Fjord og kyst som lokkar til lange kajakkturar. Rett ut av døra om ein vil ha seg ein joggetur. Pussig nok manglar Førde ein klatrevegg, men det kjem vel.

Paret kjenner godt til luekoden i fjellet. Grøn lue signaliserer at ein er ”ledig” og den raude at ein alt har ein kjærast. Så når ho fekk valet mellom ei grøn lue og Oppturbøker, vart det bok. For som kjæresten, Anders Hartmann, meinte – no har vi både hus og Volvo i lag... ho bør ikkje ha grøn lue.   

Grøn lue vert feil
Grøn lue vert feil Foto: Asle Veien

Skrevet av Asle Veien 12. november 2015