Bonustur lokka til fjells

Turfølgjet på veg mot Blånipa. Solheimsnipa og Alnakken i bakgrunnen.
Turfølgjet på veg mot Blånipa. Solheimsnipa og Alnakken i bakgrunnen. Foto: Jan Roar Sekkelsten

Utsikta forsvann i skodda, men kva gjer vel det då naturen likevel byr opp til fargefest, ispedd nokre solgløtt og med litt forfriskande vind på toppen. Ein fjelltur er så mykje meir enn berre utsikta frå toppen.

"Festen er ikke slutt. Det er kake igjen". Slik lokka turleiar Jan Roar potensielle deltakarar til 1121 meter høge Blånipa i Naustdal laurdag 3. oktober. Og kake vart det då ekstranummeret i årets turprogram vart avvikla. Ei kake som 13 personar valde å dele. Det var ikkje ei kake vi kunne ete, men ei kake i form av ein fem timar og 12 kilometer lang fjelltur i vakre haustfargar i lettgått høgfjellsterreng.  

Turen kom i stand etter vi to som var turleiarar, Jan Roar i front og Roy i baktroppen, gjekk sommarturleiarkurset i august. Etter ein stor porsjon fagleg påfyll reiste vi heimatt sterkt inspirerte og heilt klare på at årets turprogram måtte forlengast. I første omgang med turen til Blånipa. Er vergudane og timeplanen med oss vert det garantert fleire turar før klokkene ringer jula inn.

Sjølv om det har regna litt siste dagane bydde ikkje turen til Blånipa på dei store utfordringane. Det var lite blaut myr, men i staden mykje fine berg å gå på. Mellom bergknausane viste naturen seg frå si mest fargerike side.

Spenninga var til å ta og føle på då vi kom opp på høgda og såg toppen innhylla i skodde. Fekk vi utsikt eller ikkje? Etter ein kort matpause var det klart for toppstøtet. 200 høgdemeter fordelt på 1100 lengdemeter. Ikkje akkurat Everst, men når utsikta forsvann, underlaget vart sleipare og vinden sterkare kjende vi på elementa vi også.  Såpass sterk var vinden på toppen at det obligatoriske fellesbiletet nesten tok livet av kameraet til turleiar Jan Roar. Eit vindkast kvelva stativet og berget vart for sleipt til at han rakk å springe fort nok fram og berge kameraet. Men heldigvis tok fallet "berre" knekken på UV-filteret. Eitt fellesbilete, sterkt prega av skoddeyr, vart det no likevel.

Med formaningar frå turleiar om glatte berg på toppen bar det etter ein kort stopp nedover bakkane igjen. Regnbyene stod rundt oss, men vergudane spela på lag og vi kunne også på heimvegen nyte vakker Sunnfjordnatur i kjempeflott turver. Sollyset som leika seg med skyformasjonar gav nokre fine visuelle opplevingar, sjølv om det klåre haustlufta uteblei denne gongen.

Helsing turleiarane Jan Roar Sekkelsten og Roy Raasholm Fauske

Fellesbilde tatt i regn og vind vert omtrent like skarpe og klåre som utsikta.
Fellesbilde tatt i regn og vind vert omtrent like skarpe og klåre som utsikta. Foto: Jan Roar Sekkelsten
03.10.2015, Blånipa, Naustdal

Skrevet av Jan Roar Sekkelsten 3. oktober 2015