Siste onsdagstur i år

Turfølget på veg langs Bekkjavatnet
Turfølget på veg langs Bekkjavatnet Foto: Atle Holsen

Damene svikta siste onsdagsturen for sesongen. Berre Mira var med som alibi for spinnesida. Så det blei opp til herreavdelinga å sette skikkeleg punktum for ein sesong som kom seint i gang, men blei dessto mildare og betre mot slutten. Ferda gjekk rundt "Bymarka" med "grillparty" midtvegs. Det var ein stille og fin kveld ved bredda av Bekkjavatnet, og vi var tilbake ved bilane akkurat idet mørkret senka seg og regnet satte inn. Takk for turen og takk for laget så langt.

Herreavdelingen, og Mira, på Hundsrasta
Herreavdelingen, og Mira, på Hundsrasta Foto: Jan Roar Sekkelsten

Skrevet av Jan Roar Sekkelsten 25. september 2015