ENDELEG OPPTUR I FØRDE

Foto: Ragna Renna

Vel 150 elevar kom seg trygt opp og ned på Hornesstølen i dag. Veret har sett ein stoppar for tidlegare forsøk på å arrangere Opptur, men på det fjerde forsøket gjennomførte vi med stil! 

Alle fekk Opptur - buff og Olden -vatn, og nesten alle som ville fekk prøve seg i klatreveggen.  

Ein fin dag i  lag med positive og spreke ungdommar frå 9.klasse på Halbrend og FUSK. Takk til lærarar og frivillige turlagsfolk som stiller opp!

Ragna.

Foto: Ragna Renna
Foto: Ragna Renna

Skrevet av Asle Veien 23. september 2015