Onsdagstur på Nordheia

Foto: Jan Roar Sekkelsten

Inn i solnedgangen

Septemberkvelden synte seg frå si beste side då vi la ut på  sesongens nest siste Onsdagstur.

Inn i solnedgangen gjekk vi – 21  glade fjellvandrarar - frå Nordheiatunnelen og opp den slake lia til Nordheia 662 m.o.h. Med så smått gulnande bjørkelauv og tuch av raud lyng langsmed stien som kulissar, var det ikkje så verst å nyte utsikta frå toppen sjølv om austavinden bar bod om kaldare tider. Etter obligatorisk innskriving i boka og samling ved varden til gruppebilete bar det vestover vidda til Djupvikenipa med storslagen utsikt utover Førdefjorden og nordover mot Naustdal. Og når eit par av turdeltakarane i tillegg drog fram både lakrisbåtar og seigmenn, ja då er livet godt å leve.

Kring halvannan time tok heile turen. Med andre ord ein akkurat passe lang kveldstur no når det mørknar tidlegare for kvar dag.

- Roy Raasholm Fauske -

16.09.2015 Nordheia

Skrevet av Asle Veien 16. september 2015