Lunde, men ikkje Fjærland

Foto: KJell Kleiven

Lunde-Fjærland vart til Lunde-Lunde

Søndag var det igjen klart for den tradisjonsrike turen Lunde- Fjærland. Vi var 23 stk som starta inst i Lundebotnen. Vèrmeldingane var litt usikre for dagen, ein del vind var meldt, det låg også an til litt regn, men ikkje verre en at vi valgte å prøve å gjennomføre turen.

Det var oppholdsvèr og god temperatur første delen opp gjennom Lundeskaret, men ca halvveis oppe i skaret starta regnet, vi tenkte vel at dette var ei lita byge som snart var over.

På toppen av Lundeskaret, på ca 1000 moh opna terrenget seg, og her fekk vi meir føling med vèret. Regnet og vinden øka på, og dei aller fleste var våte og kalde allereie.

Etter ein liten pause i ly av nokre store steinar skjønte vi at dette ikkje var rette dagen for å gå vidare, det var heller ikkje spesielt vanskeleg å ta avgjerda om å snu.

Etter ca 4 timar var vi tilbake der vi starta, og med tanke på at om vi hadde fortsatt mot Fjærland, ville vi no ha vore på det høgaste punktet på turen (1400 moh) i kuling og regn var det ingen som var misfornøgd med dagen.

Turleiar Kjell Kleiven.

Lunde- Fjærland 2015

Skrevet av Asle Veien 13. september 2015