BLI MED OG VIS VEG!

Foto: Atle Holsen

Det skal bli lettare å finn fram til fjella rundt Førde. Atle Holsen har laga ei hjelpeliste for dei som vil hjelpe til. Du bør vere godt kjent på ruta eller få med deg ein eller annan som er det. Lukke til og takk for hjelpa!

Som de sikkert har sett på fb, tjuvstarta Trond Ueland og eg laurdag 12.9. med skilting av den «enkle» ruta Vieåsen-Soleide-hengebrua-Bruland/E39 for å teste både teknisk utfordring, utstyrsbehov og utsjånad, og vi meiner vi fekk det bra til. Det var ikkje spesielt vanskeleg, men det var godt at vi var to. Her er difor litt velmeint hjelp til andre, og eg trur det er fornuftig at to og to samarbeider. Det kan og vere greitt at monteringa skjer etter ein viss «standard» under.

Dette treng du:

- Godt spett til å lage gode/djupe stolpehol

- Liten vater til å lodde stolpar og vatre skilt

- 70 mm runde impregnerte stolpar (er tørre og ganske lette) - kvitterast ut på Farsund Bygg på konto IST, prosjekt nærturar v/Atle

- Treskruer (franskskruer med fast skive), 8x45 mm, kvitterast ut på Farsund Bygg, eller få av Atle

- God batteridrill med 13 mm pipe til skruene (du kan ev. kjøpe pipe på Farsund Bygg på prosjektet) - ev. 13 mm fastnøkkel/handpipe

- 4 mm trebor til å bore gjennom skilta og ev. litt inn i stolpe før montering

- Hammar/lett slegge til å kile fast stolperot

- Meterstokk og blyant til å plassere hol på skilt

Framgangsmåte:

- Få tak i dei skilta som tilhøyrer ruta di. Desse er ferdig pakka av Atle i passande «porsjonar". 

- Skiltpakke kan delast ut på kort varsel. Sjekk ev. mot skiltplan/info. frå Atle.

- Dei som skal merke til Hafstadfjellet frå vest (Langelandshøgda, Bekkjavatnet, Flatene) bør samsnakke/samordne.

- Finn ut kor mange stolpar du treng på ruta di.

- Finn rett startpunkt litt vekk frå næraste hage/busetnad, godt synleg i traseen, og så rett side av stien slik at det passar skiltretningen. 

- Vurder om du må bruke 2 stolpar når det er mange skilt på same stolpepunkt, spesielt i høgda pga snøtyngde.

- Pass på at stolpehola blir djupe nok, helst 50-60 cm om mogleg.

- Bruk slegge/spett til å slå stolpane godt faste, og deretter ev. eigna småstein som kile i rota.

- Sjekk at stolpe står nokolunde i lodd.

- Toppen av skiltet skal vere litt under topp stolpe, 7-8 cm.

- Finn midten av skiltet (svak blyantstrek), og deretter ca 3 cm frå over-/underkant pga lista over.

- Juster om nødvendig, og pass på at skruehovud ikke dekker tekst/pictogram.

- Bor først gjennom skiltet med passeleg bor, ca 4 mm.

- Pass på at skiltet peikar i rett retning, skru fast skiltet med pipe/drill, og pass på vater før du låser heilt.

- Ved to stolpar: då skal skiltet gå litt utanfor i begge endar. 

- Ved fleire skilt på same stolpe: då skal skilta tangere kvarandre i høgda.

- Toppskilt på varde er nok litt utfordrande. Her nå de finne fornuftig løysing med «kile» eller anna form for feste inn i varde, eller mure opp fundament til stolpe for å samle alle skilta på toppunktet der det er fjell.

- Ta bilete (mobil) av ferdig skiltpunkt og send Atle fortløpande slik at vi kan lage eit komplett arkiv som dokumentasjon og for ev. seinare oppfølging/justering.

- Meld frå om problemstillingar/manglar slik at vi kan følgje opp.

Sjå fotovedlegg som døme.

Samtidig med skiltinga må de prøve å remerke der det er behov med steinstikker, småvardar, trestikker, raudklattar og raude T-ar så langt vi rekk i haust. Så må vi gå over att neste år. Kontakt Atle om maling/utstyr.

Kontakt Atle Holsen på tlf. 907 29826 for spørsmål eller deltaking.

Foto: Atle Holsen
Foto: Atle Holsen

Skrevet av Asle Veien 13. september 2015