Dei kom seg inn i blåisen

Foto: Dag Nestegjerde

Sidan ordet fantastisk er oppbruk og øydelagt seier vi det enkelt: Vi hadde ein fin dag i Haugabreen alle dei 27 som var med på turen. Irene hadde skrapa saman økser, stegjern, hjelmar,tau,klatreøkser osv.osv. til heile bunten - ein heil Toyota FULL.

Etter vel ein times gange frå stølen var vi ved brekanten og kunne ta på utstyret før vi traska vidare gjennom isdalar og isfell oppover mot knekken og dei største sprekkene på breen. Sola kom og gjekk medan ALLE tøygde grenser ved å la seg fire ned i sprekker for så å klatre opp igjen med klatreøkser. Ein liten rundtur ekstra gav innblikk i dei enorme ismassene ein har under stegjerna på ein slik tur.

Etter nesten 5 timar i breen tok vi vegen tilbake gjennom det gamle elveleiet som no ligg tørt med mengder av jettegryter, store og små. For mange av dei som var med var dette første gangen på blåis - ei oppleving alle som bur i dette brelandet burde unne seg.

06.09.15 Leik i Blåisen
Isvandring

Alle foto: Dag Nestegjerde

Skrevet av Asle Veien 7. september 2015