Dei kom seg ut i Jølster

Barnas turlag Jølster med ca 60 små og store markerte den nasjonale Kom-deg-ut-dagen på Svidalsøyra. Vi padla kano og laga innbakt pizza på bålpanne. 39 gjekk turtipp og leverte inn svar og var med i trekkinga om premiar. Fleire born hadde rett på alle 12 spørsmåla, men ingen vaksne, sjølv om dei og var ganske flinke. Nokre fiska litt og nokre prøvde finne balansen på slakk line. Vi møtte kjende, og ukjende, prata litt, og leika og klatra litt. Vatnet var blikkstille så det var ein super dag for kanopadling. Nokre padla langt, nesten over vatnet. Andre padla kortare, men ganske mange turar, nokre var berre passasjer, og nokre stod på land og såg på. Kanoane ligg fast på Svidalsøyra, til fri bruk for alle med DNT-nøkkel, så om ein ikkje kom seg ut og padla i dag er ein velkomne til å gjere det ein annan dag. Turboreven takkar for besøket og ynskjer alle ein fin haust!

Foto: Jill Berit Årdal
KDU Jølster 06.09.2015

Skrevet av Asle Veien 7. september 2015