Onsdagstur til Hydalen i Naustdal

Foto: Lydia Nesje

Denne onsdagen køyrde vi utover til Naustdal og videre til velteplassen ved Ullaland der kjendtkvinne Oddlaug Åmot møtte oss.  I alt 17 stk talde flokken denne flotte haustkvelden, og for mange av oss var dette eit nytt turmål. Vi gjekk på fin skogsbilveg småkupert opp til Hyvatnet, og for eit flott område å skue utover då vi runda bakketoppen, vidare gjekk vi på sørsida av vatnet inn til velhaldne stølar og eit lite stykke i retning skaret ovanfor. Matpausen tok vi nede ved Hystølen og returen gikk på noko våt sti på nordsida av vatnet. Dette var ein roleg og fin onsdagstur, praten gikk jamnt i lett terreng, fønvind, blåbær og molter langs stien og ein rosa kveldshimmel gjorde oss alle godt. For 3 av turfølget med kort fartstid i Norge var dette første fjellturen i landet vårt, og dei såg rimeleg fornøgde ut.



Ref L. Nesje
Hydalen onsdagstur 01.09.15

Skrevet av Asle Veien 3. september 2015