AURLANDSDALEN

Denne helga tok vi turen til Aurlandsdalen, Geiterygghytta- Østerbø- Vassbygdi.

To overnattingar på betjente hytter, og to dagsetappar til fots gjennom vill og vakker natur.

Foto: KJell Kleiven

Vi starta med overnatting på Geiterygghytta, fredag kveld, her vart vi godt mottat av ein litt lågmælt og andektig hyttebestyrar.

Grunnen til det var at han hadde litt dårleg hørsel (sa han sjøl) og av den grunn hadde han ved bestilling av plass trudd det var Indremisjonen som kom på besøk.

Indre Sunnfjord Turlag var blitt til Indremisjonen i hans øyre, og dette namnet var då brukt på denne gjengen ved ymse anledningar resten av denne turen.

Lørdag gjekk vi frå Geiterygghytta til Østerbø Turisthytte, ein tur på ca 8 timar med pausar. Dagens tur gjekk for det meste i ope terreng, mellom 12 og 1300 moh.

Stien vi gjekk på bar preg av mykje nedbør den siste tida, gjørmete og sleipt er vel rette orda denne dagen, men ellers ein fin tur.

Søndag morgon starta vi på turen ned gjennom det som dei aller fleste forbinder med Aurlandsdalen, ein vill og vakker dal. Dette er den nederste delen av ein gammal drifteveg mellom øst og vest, og veien går gjennom eit gammalt kulturlandskap omgitt av storslagen natur.

Litt nede i dalen deler stien seg, den eine går over Bjørnestigen, og den andre går nede langs elva, begge stiane møtast lenger nede i dalen ved ein plass som heiter Vetlahelvete.

Nokre valgte å gå den nederste stien, mens resten gjekk over Bjørnestigen.

Det er ikkje kvar dag ein kan seie at vi møtast i Helvete, men det gjorde vi bokstaveleg talt denne dagen, vi gjekk kvar vår veg og møtest i Vetlahelvete.

Vetlahelvete er eit av naturens kunstverk i form av ei kjempestor jettegryte.

Turen gjekk vidare nedover dalen, og neste stopp var Sinjarheim, ein nedlagt fjellgard med ei lang historie. Frå tidleg på 1600 talet har det vore busettnad her, men frå 1922 har det berre vore stølsdrift.

Frå Sinjarheim var det ca 2 timar å gå ned til Vassbygdi, på ein sti som i all hovudsak er laga for hand. Den går langs med stupbratte fjellsider,frampå skrentar og stup, over kløfter og elvar, nedover bratte lier, og endar opp i Vassbygdi.

Turleiar Kjell Kleiven.

Aurlandsdalen 28-30 August 2015

Skrevet av Asle Veien 3. september 2015