BLI FAMILIEMEDLEM I DNT

Bli ein av oss :-)
Bli ein av oss :-) Foto: Kjell Kleiven

Nå lanserer vi eige familiemedlemskap! Det betyr ein pris og ein faktura – for heile familien.

Vi feirar lanseringa med eit supertilbod til deg som ønskjer å bli familiemedlem i DNT. Heile 6. september og 7. september (fram til midnatt) kan du melde inn familien din i DNT og få 2016 og resten av 2015 med på kjøpet. 

Prisen for familiemedlemskap er 1150 kroner. Det gjeld for husstanden sine born og inntil to vaksne over 26 år.

Som medlem i DNT får du inspirasjon til korleis du kan gi borna dine tur- og naturglede som dei kan ha med seg resten av livet. Nils Øveraas, generalsekretær i DNT

Til nye medlemmer

Gå inn på dnt.no og meld inn heile familien. Då får de medlemskap for 2016 og resten av 2015 med på kjøpet. 

• Dette tilbodet gjeld 6.–7. september 2015 (fram til kl. 24.00) 

• Tilbodet gjeld husstanden sine born og inntil to vaksne over 26 år 

• Familien må ha same adresse 

• Alle får kvart sitt medlemskort 

• Borna får tilsendt aktivitetsheftet «Turpasset»

Til de som er medlem alt

Gå inn på www.dnt.no/MinSide og oppgrader til familiemedlemsskap for 2016 alt nå. Felles faktura for heile familien kjem først i november.

Nokre medlemsfordeler

Som familiemedlem investerer de i turglede for framtidige generasjoner, samstundes som de kan nyte godt av over 22.000 km med merka stiar og rabatt på over 500 hytter i heile landet. 

• Barn under 12 år bur GRATIS på sjølv- og ubetente hytter, og får store rabattar på betente hytter 

• Ungdom overnattar til halv pris 

• De får tilbod om mange lokale aktivitetar, som aktivitetsleir for ungdom, familiecampar eller hyggjelege kvardagssturer heile året for små og store 

• De får store rabattar på turutstyr i lokale sportsbutikkar 

• Familien får store rabattar på forsikring frå Gjensidige 

• De får 4 nummer av medlemsmagasinet Sti og Varde spekka med turinspirasjon og turprogram, Turboposten (borna sitt eige turmagasin) 2 gonger i året, 6 årlege nummer av DNT sitt Fjell og Vidde, samt DNT si årbok.

Her er våre svar på ofte stilte spørsmål om familiemedlemskap.

Trenger du hjelp?

Kontakt DNTs medlemsservice på telefon 40001870.

Skrevet av Asle Veien 2. september 2015