Atløyna frå nord til syd

Dette var ein tur dei 9 som var med seint vil gløyme. Vi starta i flott turvêr nord på øya, Seljevoll, med Oddbjørn Seljevoll som kjentmann. Faktisk gjekk vi gjennom tunet på barndomsheimen. Betre kjentmann får vi ikkje. Heile turen vart krydra med småhistorier. Etter ein liten stopp på Høgeskolten såg det ut til at vi fort kunne blitt 100 fleire på tur, men dei tamme sauene tok lukkelegvis ein annan veg. Vi fekk første pause i opphaldvêr, men så starta morroa. Regnet ausa ned når vi kom til Skredvarden der vi og møtte vinden. Etterkvart vart det så ille at det artig. Elvane vaks medan vi såg på og nye elvefar vart laga.  Men då hadde dei fleste nok med seg sjølv og få bilde vart tekne. Turleiar tok ein snarveg og etterkvart kom vi ut av tåka og regnet. Drosja tilbake til ferja venta. Sympatiske som dei er vest i øyane runda han prisen nedover slik at alle hadde nok til å betale.

Trur nok ikkje nokon angra på turen, dette vart ei oppleving av dei skjeldne. Utsikta vestover i havet får vi ta ein annan gong.

Takk til dyktig turleiar.

Foto: Atle Holsen
Atløyna over 29.8.2015

Skrevet av Asle Veien 30. august 2015