Onsdagstur til Orkja

Denne onsdagen gjekk turen til Orkja på Jølster, vi starta ved skytebana i Dvergsdalsdalen og gjekk gjennom fin skog på godt merka sti, over skoggrensa hadde vi svært flott utsikt over Jølstravatnet heilt til topps. Kjendtmann Gunnar Sunde losa oss trygt gjennom Astrups rike, og vi var 12 stk fornøgde sjeler på tur, litt småregn og vind på toppen la ingen dempar på humøret. For mange av oss var det første turen på Orkja og det er jo alltid kjekt med nytt terreng, og ein ekstra spiss på turen vart det sjølvsagt at herr Sunde valde ein sti som losa oss rett inn i flotte moltemyrar, vi åt undervegs og fekk litt med heim. Fornøgde turdeltakarar var nede att ved bilane halv ti og turlaget takkar kjendtmann for triveleg leiing:)

Foto: Lydia Nesje

Skrevet av Asle Veien 27. august 2015