Seniortur Nordheiane

Utan om turleiar deltok 4 turgåarar på turen til Nordheia i dag 26. august. Turen starta i regn og vind og det var det stort sett heile tida. På toppen var det så kraftig vind at ein nesten ikkje kunne stå oppreist så uttrykket at det blåser på toppene fekk vi sanneleg oppleve på denne turen. Men vi fann oss likevel ein lun plass der vi kunne ta ein matpause før vi returnerte tilbake til bilen. Tilbake i Førde skein sola så slik kan det gå. Deltakarane gav likevel uttrykk for at det hadde vore ein fin tur.

Anders Bergset

Skrevet av Asle Veien 26. august 2015