Onsdagstur Storfjellet

Foto: Asle Veien

Ny rekord på onsdagstur denne veka - 35 stk, spreke flotte gutar,jenter, menn og kvinner. 

Kjell Arne viste oss eit nytt fjell denne onsdagen - Storfjellet eller Stofjellet som Judit meiner det heiter. Ho har sikkert rett... det står mykje rart på karta. 

I vakkert vêr og med behagleg proff turleiinga starta vi frå Esso litt tidlegare enn vanleg, kl.1730. Det viste seg at vi trengte tida. Vi var ikkje nede igjen før mørket var byrja sige på. 

Stien opp er nymerka og det var lagt ut tau på eit par litt utsette plassar. 


Som vanleg på Kjell Arne sine turar vart det spandert svele med rømme og syltetøy. Det var minst to til kvar :).  Takk til Ann Elise Frøye som kanskje stod for dei? Ho hadde også kustus på turleiaren når tempoet vart i overkant.
Det er kjekt når turlaget kan by på nye toppar. Neste veke er det Orkja som står for tur. Sikkert ein ukjent topp for mange det også.
Kjell Arne
På snøen
over elva

Skrevet av Asle Veien 22. august 2015