Onsdagstur til Soheimsnipa

Foto: Sigrid Gjelsvik

Onsdagsturen denne kvelden gjekk til Solheimsnipa. Mykje folk hadde møtt fram på Esso, og med dei som kom til i Naustdal, var det til saman 26 menneske med på turen. Éin hadde visstnok sykla heilt frå Førde til Ramsdalsheia. Veret hadde etter kvart vorte lettare, så vi hadde det fint, men litt kjølig, og nokre vart vel våte på føtene. Etter bakkar opp og ned og opp, kom vi til toppen på om lag ein time og tjue minutt. Vi møtte fleire andre turgåarar på vegen. Litt niste og utsikt og fotografering på toppen, så gjekk vi ned att og var ved bilane om lag kvart over ni. Takk for ein fin tur til alle som var med!

Skrevet av Asle Veien 13. august 2015