Klyving i Heileberget er flytta til 23. august

Foto: Asle Veien

Vi startar frå Førde ( Esso ) kl.09.00 og køyrer til Eikenes i Askvoll via Dalsfjordbrua. Derfrå til Vindeim og parkere bilane. Turen gå så i skogsterreng mot Eikenes. Etter ein times gange finn vi Fagervollskåra som fører til toppen av det som kan sjå ut som det umoglege Heileberget. Første del av oppstiginga er relativt enkel klyving, seinare er der eit par opptak der vi sikrar med tau. Ikkje spesielt luftig og heller ikkje så vanskeleg klatring. Etter dette flatar det meir ut og vi kan enten ta turen innom Driveknolten eller vende vestover og ned igjen mot Vindeim ei slakare veg.

Turleiar, Asle Veien, har ei mor som vert 100 år denne hausten. Ho var den første jenta som gjekk denne skåra og fekk kjeft når ho kom heim til sin myndige lærarfar.

Vi må setje tak på deltakartal på denne turen og må derfor ha påmelding. Gjerne SMS til 97055203   ( Asle )

Skrevet av Asle Veien 12. august 2015