Klatretur Store Soleiebotntind

Foto: Asle Veien

Helga 7-9 august var toppturhelg for IST Bre- og Fjellsport i Hurrungane.

Været i Hurrungane er lunefullt, og denne helga inneheldt alle årstider.

Aukande deltakartal  var proposjonalt med mengda av vær.

Vi køya på Turtagrø til den herlege lyden av snorking og knirkande fottrinn på annekset. Laurdagen var Soleitraversen oppvarmingstur. Sidan fjellet var vått og lite innbydande på føremiddagen, gjekk vi ei snørenne opp i skaret mellom nordre og Store Soleibotntind. Vanlegvis går turen om Lauvnostind, men snørenna såg freistande ut. Denne er vanlegvis snøberr, og med mykje lausgrus på denne tid av sommaren. Ein sprek gjeng på 8 kom velberga over breglepper og anna heft, og kunne toppe ut på Nordre Soleitind ca 1230.

Gjengen var spente på oppgangen til Store Soleibotntind. Den såg litt lurvete ut frå skaret. Det er enno mykje snø i Hurrungane, men den kan vere ei god ven i slike tilfelle.

Traversen til toppen viste seg å vere grei, og nok ein 2000 meter var overmanna.

Utover laurdagskvelden og i tidlege morgontimar søndag, dukka det opp fjellhungrige folk frå alle krikar og krokar.  Ved frukostbordet kunne vi skimte nysnøen på Storen. Vi enda på 11 som sette kursen for Austabotntind i 0830 tida. No låg skodda tjukk ned på Berdalsbandet, men ein ”optimistisk” turleiar brende av startskotet. Sannsynlegvis vart den andre turleiaren treft, for han meinte forsøket kvalifiserte til innleggelse. Vi la trøstig i vei inn i skoddeheimen, og der blei vi! I allefall i 4 timar. Vi kom likevel over 2000 meter og stoppa på V2, som denne vestraste av toppane i Autadbotnmassivet kallast blant samlarar. Det bles nokrå friskt, og fjellet var lite innbydande. Vi snudde! Det vart trass alt ei fin helg, og sit rikare.attende enn då vi reiste frå Førde.

Takk til til ein flott gjeng fjellsportinteresserte.

 Nokre bilde

finn du her.
Store Soleiebotntind

Skrevet av Asle Veien 9. august 2015