Nesten Austanbotntind

Kvelden var vakker, og dei fleste sat på Turtagrø med blanke auge, delvis av lengsel etter Store Austabotntinden dagen etter.  Men mest lengta dei mot natta, for alle måtte tidleg opp, var ei sterk tru i flokken.   Til frukost hadde dagen lysna, men ikkje utsiktene til å nå toppen.  Skyene var nærgåande, og det draup lett, men ustanseleg.  Ein av turleiarane greip til ånda i ein av dei siste tekstane etter meister Slingsby:  Ver den modigaste når det gjeld å vende om i tide.

Sign. Erik

Turfakta:

Vi var 11 som starta frå bandet og brukte ca. 3 timar til Vestraste Austanbotntind der alvor starta. Nysnø, litt vind og tett tåke gjorde at vi snudde der. Lett på snøen ned igjen og kaffi på Turtagrø før heimreis og middag i Sogndal
Fleire bilde finn du her.
Foto: Asle Veien

Skrevet av Asle Veien 9. august 2015