FONN - TUNGASTØLEN TEK EIN PAUSE

Av litt forskjellige grunnar er det bestemt at turen i år vert avlyst. Ein vesentleg del av denne turen er det sosiale felleskapet framme på Tungastølen. Etter at hytta forsvann i orkanen har vi brukt ein stor lavo som samlingsplass, men vi må vel innsjå at det ikkje er heilt det same som i gamle dagar med middag på stølen. 

Med det første vert det offentleggjort kven som har vunne arkitektkonkurransen om ny "hytte" på stølen og vi håpar det ikkje tek lang tid før vi igjen kan samlast innandørs til dekka bord. Men inntil vidare let vi turen kvile.

Snart vert telta erstatta av nytt hus.
Snart vert telta erstatta av nytt hus.

Skrevet av Asle Veien 5. august 2015