FOTTUR I JOTUNHEIMEN 26-30 JULI 2015

14 spreke og positive personar på tur i 5 dagar, gjennom hjerte av Jotunheimen, 4 overnattingar på betjente hytter. 3-retters middag etter dagsetappane, sosialt samvær med gitar og song om kveldane, kan det bli beire?

Vi trossa Yr.no sine dystre spådommar om regn og snø i fjellstrøka vi skulle opphalde oss i, og bra var det, for som svært ofte bomma dei totalt.

Regnklea var ikkje i bruk mer en eit par timar tilsaman på desse 5 dagane. Til samanlikning var shortsen på i 3 dagar.

Som ellers på vestlandet denne sommaren, ligger det fortsatt store snømengder i Jotunheimen. Turane vi gjekk desse dagane varierte mellom 800 og 1500 moh, og i store deler av dalføra over 1300 moh gjekk vi på snø, uten at dette var til problem av noke slag. 

Turen starta på Turtagrø søndag morgon, vi gjekk inn Helgedalen, over keisarpasset, og vidare ned gjennom Gjertvassdalen, til storebrua over Utla, og fram til Skogadalsbøen.

Mandag tok vi turen til Fondsbu, færda gjekk gjennom Uradalen, ein dal som byr på mektig natur. Storen og tindane rundt den i ryggen, Uranostindane på eine sida og etter kvert dukkar Falketind og Hjelledalstinden opp på andre sida. Det har vore skreve og sagt mykje om dette, men ingenting kan måle seg med det å vere der og oppleve det.

På grunn av ei bru som ikkje var lagt ut over elva nede ved Kvitevatnet måtte vi gå turen om Koldedalen, med det resultatet at vi måtte gå ca 10 km på vei fram til Fondsbu.

Dagen etter var det Gjendeu som var målet, etter gårsdagens trasking på veg starta dei fleste med litt såre bein, men dagens etappe var av det korte og lettgådde slaget.

Ein fin start innover langs Bygdin, deretter ca 300 høgdemeter oppover til Høystakktjernet, og vidare innover til det gjekk nedover Vesleådalen, men fantastisk utsikt innover Gjende.

Onsdag morgon la vi i veg mot Leirvassbu, oppover Storådalen i lett fin stigning til Hellerfossen, bratt opp på fossen og etter kvert forbi Langevatnet.

Siste etappe denne dagen gjekk over Høgvaglen, og ned til hytta.

Torsdag var siste dagen, og no skulle vi tilbake til Turtagrø der vi starta på søndag.

Til no hadde vi tilbakelagt ca 80 km, med lengste etappe på ca 27 km.

Alle viste at dette ville bli den lengste dagen, og av den grunn litt spente på korleis det ville gå.

Frå Leirvassbu gjekk vi nedover Gravdalen, forbi Gravdalsdammen, og ned i Storutladalen.

I halv 3 tida kryssa vi Utla på same plassen som vi hadde vore første dagen, no gjensto den lange bakken opp til Keisarpasset, og same lange bakken ned igjen på andre sida.

10 timar og 15 minutt etter at vi starta frå Leirvassbu, var vi i mål, vi hadde tilbakelagt heile 33 km denne dagen, ikkje rart at gleda var stor når vi kunne ta av ryggsekk, fjellsko og sure sokkar etter ein slik prestasjon.

Ein vellykka tur frå start til mål, gjennom frodige dalar, med tindar og toppar på alle kantar. I mektig natur er inntrykka mange, og vil bli hugsa lenge.

Takkar alle som var med og gjorde dette til ein kjempefin tur.

Referat skrevet av Mariann og Kjell

Skrevet av Ronny Iden 2. august 2015