Onsdagstur på Endestadnipa

Regn og skodde, men fin tur til toppen i lag med Flora Turlag

Turen skulle gå til Endestadnipa, og vi hadde spurt Flora turlag om å få gå i lag med dei. På Esso møtte seksten godt kledde turgåarar. Ved Endestad camping ved Storebru venta seks deltakarar frå Flora. Turleiar var Signe Nordvik og kjentmann Tore Øren. Det såg ut til både regn og skodde, men vi la i veg opp den bratte stien. Det er godt merkt sti både frå Endestad og Langedal. To deltakarar snudde etter Velomstøylen, og ein noko seinare. Vi kom fyrst til Høgenipa (574 moh.), der skulle vi avgjere om det var forsvarleg og freistande å gå vidare. Det var det, og trass i regn og litt skodde kom 19 personar og ein hund seg på toppen av Endestadnipa (763 moh.). Den flotte utsikta såg vi ikkje noko til, sidan skodda hadde lagt seg. Ned att gjekk vi ei litt anna rute eit stykke, slik at vi fekk sett noko av stien til Langedalen. Vi starta 18.15, og klokka vart bortimot 23 før vi kom ned til bilane. Trass i veret og lang tur var det berre blide fjes å sjå. Dei som snudde tidleg, hadde komme seg vel heim. Takk for ein fin tur til alle som var med, og ekstra takk til til Flora turlag!

Sigrid

Skrevet av Ronny Iden 24. juli 2015