Nesten Stølsnostinden

 Toppen var nær, men vi nådde han ikkje.  Vårt forsøk på Stølsnostinden frå Vettismorki vart likevel ein innhaldsmetta dag. 

 Laurdag kveld 18. juli nådde vi, ein flokk på 12,  den vakre Ingjerdbu i Vettismorki i mørkninga.  Dei fleste sengene var då opptekne.  Alle 12 fekk likevel ligge, men søvnen hadde gått seg vill og nådde ikkje fram til heile følgjet.

Sundag vippa isøksene taktfast på sekkane innover Morka-Koldedalen, mellom bjørk, markblomar og mektige furetre, og så opp langs Storebekken.  Motbakken opp til Stølsnosi hadde ikkje eit flatt steg å by på før vi stod i tett skodde på ein smal brerygg som ikkje fortalde noko om kvar  snøen på sidene gjekk over i luft.  Breen har minka ein del sidan kartet var laga, men berget hadde ikkje flytta seg, og vi kom på land der vi skulle.  Berre toppen stod no igjen.

            Ikkje berre.  Først såg det enkelt ut, kliving i slak stigning.  Så ein etappe med tau, seletøy og prusikknutar.  Regnet heldt seg då på avstand, men fjellet heldt seg sleipt som sniglar.  Farten var ikkje lenger heseblesande.  Lenger oppe møtte vi ein svart vegg, avvisande som Per Sandberg mot innvandring.  Turleiar Nes meinte vi ville trenge vinsj for å komme opp, men det hadde ingen tenkt på å ta med.  Eit par forsøk på å finne alternative oppgangar, førde heller ikkje fram.  Men det viste det seg at det var lagt ut snødekte hyller som vi kunne returnere på, i staden for ned den bratte ryggen.  Vi fann igjen Stølsnosi.  Lysta på toppen hadde snudd til iver etter å nå hytta. 

            Eit mindretal hadde fått blod på tann og ville endå lenger, heim til Sunnfjord same natta.  Fleirtalet hadde nok med tanken på å rekke til bygds dagen etterpå. 

Flere bilder på flicker

Skrevet av Asle Veien 22. juli 2015