Onsdagstur til Sandegga

Onsdagstur Sandegga
Onsdagstur Sandegga Foto: Kjell Kleiven

Denne onsdagen tok vi turen til Sandegga, vi starta på den nye velteplassen på Åsane, og gjekk opp langs Stølselva til Åsastølen.

So langt alt vel, opphaldsveir og god sikt, vestlandssommar på sitt beste, heile 12 grader, jippi.

Frå stølen og vidare oppover låg skodda tjukk, og vårherre velsigna oss med regn, i tillegg gjekk temperaturen nedover i ein helsika fart.

Oppover snødekte lier, gjennom skodde og regn bar det mot toppen, her var det surt og kaldt, blå varmegrader vart nevnt, dei var uansett ikkje særleg heite.

Tilbaketuren gjekk same vegen som opp, og som på veg opp kom den fantastiske sommartemperaturen tilbake, no kan vi snart sole oss, sa ei som var i overkant opptimist.

Om det slurpa i våte sko og gebisset skrangla var det likevel ein gjeng opptimistar med godt humør som tok turen denne kvelden.

Veir og føre gjere vi lite med, er det onsdagstur so er det onsdagstur.

Helsing Kjell Kleiven

 NB.   Neste onsdag går turen til Endestadnipa. Oppmøte på Esso kl 17.30

Skrevet av Asle Veien 16. juli 2015