På Grønefjellet med spreke jenter

Grønefjellet 3
Grønefjellet 3 Foto: Ragna Renna

Sist onsdag slo to små, sprekingar følgje med oss til Fløyen og Grønefjellet i Gaular.

Turen denne onsdagen gjekk til Grønefjellet (812 m.o.h.) med 19 personar og to hundar i følgjet. Vi gjekk via Fløyen (760 m.o.h.) som blant anna byr på flott utsikt utover Sande og innover Viksdalen. Det er ei stund sidan det har vore born med på Onsdagsturane. Denne gongen freista Hanne (8) og Kristine (6) tilveret som fjellvandrarar i skuleferien. Dei spreke og fjellvante jentene starta med friskt mot då vi tok fatt på denne bratte lia opp frå Byrkjeflet på Sande. Med hjelp av motiverande turkameratar og litt snacks kom både små og store seg opp til utsiktspunktet Fløyen som er eit populært mål for mange mosjonistar på Sande.

Deretter bar det innover høgdedraget til Grønefjellet som var kveldens mål. Med lovnader om ein ny porsjon seigmenn var ikkje jentene i tvil om at dei skulle halde fram turen. Det var ikkje berre jentene som var spreke. Innover fjellet vart det også litt ekstra styrketrening på nokre i turfølgjet då Hanne og Kristine ikkje sa nei takk til å «sitje på med» meir erfarne fjellvandrarar. Frå toppen av Grønefjellet er det storslagen utsikt i alle himmelretningar. Blant anna panoramaet i vest med Storehesten som blikkfang var godt kvile for augene. Etter ein pause i le for den litt kalde julivinden bar det med hjelp av «frihandnavigering» nedover lia mot den idylliske og velhaldne Skagestølen. Denne gongen venta ikkje Kjell Ove Årdal med kaffi og kaker, men i staden venta ein godt trakka sti nedatt til Sande.

Ein flott tur var til ende, og kanskje vil den vere festa sterkast til minnet til to små, litt trøytte, men like fullt to blide jenter som godt nøgde kunne setje seg inn i bilen til mamma denne onsdagskvelden.

Grønefjellet 2
Grønefjellet 2 Foto: Ragna Renna
Heile gjengen på Grønefjellet
Heile gjengen på Grønefjellet Foto: Kjell Befring

Skrevet av Asle Veien 10. juli 2015