Halbrendnipa med noko attåt

Foto: Asle Veien

Onsdagsturen som vart til tirsdagstur vart ikkje som andre onsdagsturar.

Litt lett regn er ikkje noko problem når det så mildt som det var denne kvelden. Ein gjeng på 20 stk heldt god fart opp gamle postvegen før vi tok av til Halbrendstølen og vidare oppover ein litt uvanleg sti mot Halbrendsnipa. Snøen som fall tungt før jul i fjor, hadde her som så mange andre plassar lagt nokre hindringar i vegen utan at det dempa tempoet vesentleg.  På denne turen var ikkje høgdepunktet toppen av fjellet. På tilbakevegen var alle turdeltakerar inviterte på kaffi og kaker på Halbrendstølen. Kanskje var det litt av grunnen til den gode stemninga i den spreke turgjengen både opp og ned fjellsida. Litt snø her og der, men ikkje noko problem. Tvert om, det er lett å gå på vår ( sommarsnø ) i unnabakkane. Vel nede på stølen rauk det frå hytta til Kjell Ove og Kirsten Årdal. Kaffi,saft og kaker vart servert både inn i hytta og ute. God stemning og avsluttning med bursdagssong til den mannlege delen av vertskapet. Tusen takk til begge to - dette var TOPPEN.

Fleire bilde her

Kirsten Årdal diska opp.
Kirsten Årdal diska opp. Foto: Asle Veien
Burstdags"barnet" var kveldens vert.
Burstdags"barnet" var kveldens vert. Foto: Asle Veien

Skrevet av Asle Veien 30. juni 2015