DEN LENGSTE FERRATAEN EVER!

Endeleg på toppen av Hoven
Endeleg på toppen av Hoven Foto: Kjell Kleiven

og då er det ikkje meint i fysisk forstand. For sjølv om Ormen Lange som Via Ferraten i Loen heiter er lang, er stipulert tid på turen 6 timar. Vi brukte 9 timar. 

Dette var dagen då ALLE skulle gå Ferraten. Loen Active hadde minst 100 personar oppover i løypa og dei starta litt før gruppa på 18 frå IST la i veg oppover mot Ormen Lange kl 1030.
Det var ikkje alle av dei 100 som burde ha teke turen. Det vart lange pausar på veg oppover, men i slikt vêr var ikkje det så farleg. Vi kunne nyte utsikta, spenninga og varmen. På det vanskelegaste punktet var det ein frå "dei andre" som fekk eit fall som seinka alle som kom bak. Men, som sagt, det var bra vêr og den som fall kom frå det utan andre men enn nokre kraftige skrubbsår og ein skikkeleg støkk i livet.

Det er inga enkel oppgåve for ein turleiar å gje deltakarar beskjed om at enkelte bør snu før det er forseint, men håpet er at det ikkje vert slik i framtida at alle, uansett form, skal gå Ferrataen. 
Gjengen vår kom seg greit opp med litt psykisk støtte av ein hand og eit betryggande tau frå oven. 

Brua var som vanleg eit spenningsmoment, men sjølv om enkelte tok svært korte skritt vart vi ikkje stogga der heller.

Turen ned igjen gjekk denne gongen delvis på snø og det var som vanleg relativt vått nedover skogen. Nytt av året var at ein kort del av nedturen gjekk på nyevegen som etter planene skal ende på Hoven.

Denne gongen samla vi inn 200 kroner pr. deltakar som vi leverte Loen Active til vedlikehald av Ferraten. IST vil halde på eit godt forhold til dette firmaet som vedlikeheld jarnvegen.

Takk til Kjell Kleiven som meir enn ein gong, var den hjelpande handa på vegen til topps, frå turleiarane Irene Befring og Asle Veien.



Fleire bilde frå Kjell Kleiven her

Skrevet av Asle Veien 28. juni 2015